Adresse: Miltzowsgate 2, 5700 Voss
Org.nr. 971 357 479
Telefon: 56 51 04 05
Bank: 3480 07 90044
Kort info om stiftelsen Sosialbygget:
Stiftelsen Sosialbygget vart oppretta med oppgåve å føra opp å driva pensjonistbustader i Voss kommune.
Stiftelsen Sosialbygget er ein frittståande stiftelse med ansvar for sin eigen økonomi og er underlagt Lotteri og Stiftelsetilsynet.
Stiftelsen har eit styre på 5 medlemer der 4 vert valde av Voss heradstyre og 1 medlem mellom bebuarane. Styret har eit sjølvstendig økonomisk ansvar i samsvar med Lov om Stiftelsar.
Bygget av 1973 (Miltzowsgt.2) var opprinneleg planlagt i 7 etasjar, men med innskot frå Kvales Legater vart det lagt til 1 etasje på 15 husvære i tillegg. 7.etasje er difor merka som Nils Kvaales Aldersbustader og inntaket til desse bustadane vert gjort av Voss kommune, men dei har ellers like vilkår med alle andre i bygget.
Bygget har 73 bustader frå 4. - 8. etasje og dei tre nederste etasjane har merkantile leigetakarar. Uttrågata 13 har 24 bustader og merkantil leigetakar i 1.etasje. Hestavangen 9 har 11 nye husvære for ektepar/sambuarar.
Dagleg leiar, vaktmeistertjeneste og aktivite-og service har kontor i 3.etg.
Aktivitet- og servicetilbod
Aktivitør Anne Dalland har ansvaret for desse tilboda.
Målsettinga med aktivitetstilbodet er at flest mogleg skal halda seg i form og vera aktive. Dette ser ein som særs viktig og eit forebyggande tiltak.
I Velferdsentralen vert det servert middag alle dagar i veka.
Alle tilbod som stiftelsen står for er frivillig for den enkelte og meint som eit tilbod.
Styret ynskjer å presisera at stiftelsen Sosialbygget ikkje er ein institusjon, men ein buplass der den enkelte i utgangspunktet skal vera i stand til å stella seg sjølv.
Den einskilde bebuar har likevel det same krav på kommunale heimehjelpsteneste og heimesjukepleie som alle andre.
|