Retningslinjer for inntak av nye bebuarar i Stiftelsen ”Sosialbygget”
1. I§5 i vedtektene for Stiftelsen ”Sosialbygget” heiter det: ”Førsteretten til å bu i bygget har pensjonistar i Voss” Med bakrunn i dette så har styret bestemt at ein må ha bustadadresse i Voss kommune og ha fylt 67 år for å være ein reel søkjar til husvære i Sosialbygget.
2. Styret har slike målsettingar for dei som bur på bygget og for inntak av nye leigetakarar:
Sosialbygget skal vera ein trygg stad å bu for leigetakarane og tilhøva skal leggjast til rette for eit godt sosialt miljø.
Ved inntak av nye bebuarar skal det difor takast omsyn til eksisterande alders- og kjønnsfordeling samt funksjonsnivå mellom dei som bur i bygget
Leigetakarar som flytter inn skal kunne greie seg sjølv. 3. Søkjaren sin økonomi vil telja med i vurderinga. Dette skal likevel ikkje spela noko rolle dersom vedkomande er i slik tilstand at han/ho sjølv ikkje maktar å ordna seg med alternativ bustad, og er utan nære pårørande.
4. Overordna siktemål ved inntak skal vera å betra den sosial tryggleiken og livskvaliteten for den som søkjer.
Fylgjande kriterie skal leggjas til grunn ved vurdering av inntak: - vanskelege butilhøve i høve til helseplager.
- dårlege bustadtilhøve med omsyn til m.a. sanitære forhold.
- sosial isolasjon grunna manglande nære pårørande i bygda.
- lang veg til butikk, nabo, offentleg kommunikasjon, offentlege tenester og lignende
- alle søkjarar må ha eit personleg frammøte
5. Ved ledig husvære skal inntaket avgjerast ut frå vedkomande sitt behov og helsetilstand på tildelingstidspunktet. Lang ventetid (ansiennitet) skal berre telja når søkjarar står likt. 6. Ei intern tildelingsliste gjeld inntil ny liste er sett opp. Dette skal normalt skje i styrmøte ein gong i kvartalet. Nye søkjarer skal då vurderast på lik linje med tidligare søkjarar.
Last ned dette dokumentet som pdf her.
|