Styret i stiftelsen Sosialbygget har alltid prioritert brannsikring høgt. Alle offentleg påbod er fylgde opp og me er opptekne av at alle bebuarane respekterar regelverket. MERK! 1. I alle rom er det montert røyk- og brannmeldar. Alle husværa har sprinkelanlegg. Ved røyk eller varme gjev desse signal som går direkte til vaktsentralen i Bergen og vidare til Voss brannvesen. 2. Det er brannslangar og brannsløkkeapparat i kvar etasje. Me ber om at du orienterar deg om brannsikringsopplegget på huset. Merk ellers: 1. Alle gangar og korridorar skal vera ryddige. 2. Rullator skal ikkje stå på gangen men takast inn i husværet. 3. Motoriserte transportmiddel skal plasserast på tilvist plass, der kan dei stå til lading. 4. Oppstår det open eld så søk å sløkkja med slange eller brannsløkkeapparat. 5. Når brannalarmen går så hald deg i husværet. 6. Heisen vil gå ned til 1.etg og stoppar der når brannalarmen vert utløyst. BRANNINNSTRUKS FOR BEBUARANE I SOSIALBYGGET 1. Brann må straks varslast til brannvesenet på telefon 110 2. Når brannalarmen blir utløyst skal alle vera på romma sine, eller trekkja ut på verandaen og venta på nærare beskjed. 3. Prøv å slokke brannen med slokkeutstyr som finst i lokalet. 4. Steng dører og vindauger. 5. Når alarmklokkene slutta å ringa er faren over. Vaktmeistaren
|